About this role
Arbeidsstad Varafjell avlastningssenter er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne, og vi har ledig fast stilling, i turnus på natt, frå snarast. Varafjell er ei av avdelingane i eininga for Tilrettelagte tenester, og avlastningssenteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ. Arbeidsoppgåver Det er behov for tilsyn, stell, pleie og omsorg. Stillinga er for tida knytt opp mot tenestemottakarar på Varafjell avlastningssenter Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. Stillinga er i turnus med f.t arbeid kvar 3.helg. Nattstillinga er inkludert med "bakvaktsordning" i eininga. Kvalifikasjonar Fagarbeidar med autorisasjon som helsefagarbeidar / barne- og ungdomsarbeidar, men søkjarar under helsefagleg utdanning eller relevant høgskuleutdanning vil bli vurderte. Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel. skaper gode relasjoner, tillit og tryggleik ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø ønskjer utfordringar er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner lyttar med respekt Bilsertifikat kl. B er nødvendig. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilhetleg tilbod. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Løn etter gjeldande avtalar. Stillingar på natt har eiga avlønning Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?