About this role
Vil du jobbe tett på barn, unge og familiar - og vere med på å gjere ein forskjell tidleg i livet? Vi søkjer ein engasjert familierettleiar til eit spennande vikariat i psykisk helseteam for barn og unge, med varighet på inntil 15 månedar i perioden 01.10.2026-31.12.2027. Hos oss blir du del av eit lite og dedikert fagmiljø, med stort engasjement for tidleg innsats, relasjonelt arbeid og å bidra til positiv utvikling hos barn og unge. Vi kan tilby ein innhaldsrik og meiningsfull kvardag med oppfølging av familiar i ulike livssituasjonar, der du som familierettleiar får stor tillit og ansvar i det sjølvstendige arbeidet. Om stillinga Du blir ein del av eit tverrfagleg team med psykolog og familierettleiar (begge i 100% stilling), som arbeider både klinisk og systemisk med barn, unge og familiar. Vi er opptekne av tidleg innsats og forebygging, god relasjonsbygging, og å sjå ressursane i og rundt barnet. Arbeidskvardagen er variert og inkluderer både direkte arbeid med familiar, til dømes individualsamtalar med barn og unge, familiesamtalar og foreldrerettleiing, og samarbeid med relevante tenester rundt barnet. Stillinga er organisert i eining Barn, familie og helse, og ein har stort fokus på tverrfagleg samarbeid innad i eininga med mål om god, tidlig innsats. Arbeidsstad er rådhuset på Valderøya. Arbeidsoppgåver Oppfølging av barn, unge og familiar Råd og rettleiing til foreldre Familiesamtalar Individuelle samtalar med barn og unge Tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage og andre tenester Koordinering av hjelpetiltak i individuelle saker Bidra inn i forebyggande og systemretta arbeid Kvalifikasjoner Vi ser etter deg som både har fagleg tryggleik og eit ekte engasjement for arbeid med barn, unge og familiar. Vi ønsker ein engasjert medarbeider som ønsker å vere med på å gjere ein forskjell for familiane i kommunen, samt å vere med på å styrke det faglege fellesskapet i teamet. Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå innan helse, sosial eller pedagogiske fag Erfaring frå arbeid med barn, unge og/eller familiar er ein fordel Ønskeleg med relevant vidareutdanning God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk God digital kompetanse Førarkort klasse B Personlege eigenskapar vi vektlegg Du skapar trygge relasjonar og har gode samarbeidsevner Du er engasjert, strukturert og løysingsorientert Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg Du trivst både med sjølvstendig arbeid og teamarbeid Du er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike behov Vi tilbyr Ein meiningsfull jobb der du kan vere med på å gjere ein forskjell i kvardagen til barn og familiar Eit lite og tett team med godt samarbeid og støtte Høve til fagleg utvikling og å påverke eigen arbeidskvardag Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Løn og vilkår etter kommunalt avtaleverk Praktisk informasjon Vikariat i inntil 15 månader Oppstart: 01.10.2026 Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, og attest og vitnemål sendast inn i lag med søknaden Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg! KontaktinformasjonGretha Giske, einingsleiar, +47 97028234 ArbeidsstadValderhaug 4 6050 Valderøya Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5148230881 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 17.07.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.