Now hiring

Controller @ VINDAFJORD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Norway (NO0A1)OnsiteFull-timePosted 13 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Me søkjer ein controller i 100% fast stilling som vil vere med på å styrkje økonomioppfølginga i kommunen, med særleg vekt på helse og omsorg. Du blir ein del av økonomiavdelinga og får samarbeide tett med leiarar og fagmiljø på tvers av organisasjonen. Gjennom analysar, rapportering og styringsinformasjon skal du bidra til betre prioriteringar og god ressursbruk. Me ser etter deg som kan gjere tal til innsikt – og innsikt om til betre prioriteringar. Hos oss får du ein jobb med ansvar, påverknad og meining. Du får vere tett på avgjerder som betyr noko – både for tenestene og for innbyggjarane. Kva får du jobbe med hos oss? Du vil mellom anna: arbeide med økonomioppfølging i kommunen, med særleg vekt på helse og omsorg bidra i arbeid med budsjett, økonomiplan, berekningar, rapportering og prognosar utarbeide analysar, prognosar og styringsinformasjon identifisere avvik, forklare utviklingstrekk og vurdere tiltak vere ein fagleg sparringspartnar i økonomispørsmål bidra til betre rutinar, arbeidsprosessar og verktøy innan økonomistyring utføre andre relevante oppgåver i økonomiavdelinga ved behov Me kan tilby ei stilling med stort handlingsrom og moglegheit til å påverke korleis rolla blir utvikla ein jobb der du får vere med og styrkje økonomioppfølginga i kommunen tett samarbeid med leiarar og fagmiljø i ein organisasjon med viktige samfunnsoppdrag varierte arbeidsoppgåver som betyr noko for både tenestene og innbyggjarane fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk Kvalifikasjonar Me ser etter deg som har: høgare utdanning på masternivå, gjerne innan rekneskap, revisjon eller samfunnsøkonomi, men andre spesialiseringar innan økonomi blir også vurderte god forståing for økonomistyring og analyse god digital kompetanse og systemforståing god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Skriftspråket i kommunen er nynorsk. Det er ein fordel om du også har: erfaring med budsjettarbeid, økonomioppfølging eller analyse erfaring frå offentleg sektor eller større verksemder gode ferdigheiter i Excel kjennskap til Power BI eller liknande verktøy Nyutdanna er også velkomne til å søkje. Har du rett utdanning, motivasjon og vilje til å lære, vil du få støtte og moglegheit til å utvikle deg i rolla. Kven er du? Me trur du vil passe godt hos oss dersom du: er analytisk og strukturert likar å finne forklaringar, samanhengar og moglegheiter i talmateriale kommuniserer tydeleg og gjer økonomi forståeleg for andre tek initiativ og ønskjer å forbetre måtar å jobbe på trivst med samarbeid, men også jobbar godt sjølvstendig Me legg stor vekt på personlege eigenskapar. Slik søkjer du Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknader via søknadssenteret vårt. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Controller at VINDAFJORD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON | ResuMinder Jobs