About this role
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stlling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support Sámi adolescent cultural resilience, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen. Det er ønskjeleg at stipendiaten startar i stillinga innan 1. oktober 2026, men seinare oppstart er også mogleg. Om prosjektet: Forskingsprosjektet Singing maps er eit 4 årig (2025-2029) forskingsprojekt finansiert av Forskningsrådet som skal bygge kunnskap om og utvide deltaking av samiske ungdommar i samiske musikaliske tradisjonar. Singing Maps undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft og urfolks resiliens som tradisjon og fornying, eigarskap og ansvar, og kulturell identitet i samisk kontekst. I samarbeid med kulturberarar frå heile Norden og eit breitt internasjonalt nettverk av høgare utdanningsinstitusjonar, vil denne studien gi eit empirisk grunnlag for betre å forstå korleis urfolksmusikk har blitt til og effektivt kan delast med unge menneske. Desse perspektiva vil danne grunnlaget for utvikling og implementering av eit første i sitt slag nettbasert musikklæringsfellesskap for bruk i vidaregåande opplæring i Norge, Finland og Sverige. Slik vil dette prosjektet bidra til å engasjere samiske ungdommar i levande musikalske miljø, styrke kulturell resiliens og sikre ei berekraftig samisk stemme i nordisk samfunn. Prosjektet har fire kjerneføremål: Bygge kunnskap om tradisjonelle læringspraksisar i samisk kultur i Norge, Sverige og Finland. Etablere etiske standardar for deling av tradisjonell musikk i ein internasjonal samanheng for urfolk. Utvikle nettbaserte musikkopplæringsressursar i samarbeid med kulturarvsberarar. Evaluere effektiviteten av ein nettbasert plattform for å støtte samiske ungdommar sin kulturelle resiliens gjennom musikkundervisning. Om stillinga: Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på Sámiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarleg verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid/autoetnografiske metodar med ei problemstilling som undersøker på kva måtar overgangsritualet frå lærling til kulturberar kan opplevast og forståast gjennom moderne kunstnarleg praksis og kunstnarleg utviklingsarbeid. Resultatat frå studien vil kaste lys over emne som er relevante for dei sentrale kjerneføremåla i Singing Maps, som til dømes notids og historisk samisk vokalmusikkpraksis, generasjonsoverføring av vokale tradisjonar, Samisk kulturell og kunstnarleg identitet, og tradisjon og fornying i samisk musikkutøving. Ph.d.-prosjektet kan gjerne innrettast mot eitt eller fleire av følgjande forskigsspørsmål, eventuelt liknande problemstillingar: a) kva kjenneteiknar samisk læringspraksis i tradisjonell sang og joik i ulike generasjonar? b) korleis kjønnsroller vert definerte, utforma og utfordra innanfor samisk vokalmusikklæring og framføringspraksis c) korleis overgangsritual frå elev til kulturberar i samiske vokaltradisjonar vert ramma inn og opplevd av unge menn og kvinner, og d) kva aspekt ved desse læringspraksisane kan vere utfordrande i formell og virtuell musikkundervisning. Prosjektgruppa i Singing Maps vil kunne gje stipendiaten eit rikt forskingsmiljø på fleire måtar. Kandidaten vil få eit stipendiatmiljø med andre som skriv doktor- eller mastergrad innafor tangerande tema. Kandidaten vil møte mange forskarar med doktorgrad, både frå HVL og dei andre samarbeidsinstitusjonane, som kan støtte opp om doktorgradsarbeidet. Singing Maps har eit omfattande nettverk og samarbeider med Sámisk kulturinstitusjonar i Norden som kan støtte førestillingar og formidling av stipendiaten sine kunstnarlege produksjonar, utvikla innanfor prosjektet. Dei internasjonale forskarane i Singing Maps kan gi kandidaten mulighet for internasjonalt forskingssamarbeid og mobilitet over heile den nordisk regionen og andre land som Kina, Canada, Aotearoa New Zealand, og Australia. Stipendtiaten vil få høve at delta og presentere forskinga si på store internasjonale konferansar både sjølv og saman med andre forskarar i Signing Maps. Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innan ei tidsramme på 3 år. «Føresetnaden er at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktisk praksisar» ved HVL. Dette er eit forskarutdanningsprogram som har som mål å fremje vitskapleg arbeid og forsking innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar som krev spesiell vitskapleg innsikt i samanhengar mellom danning og didaktisk og pedagogisk praksis. Ansvars- og arbeidsområde: I tillegg til å gjennomføre eige prosjekt skal stipendiaten gjennomføre obligatorisk del i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI, delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps. Stipendiaten skal samarbeide med andre medlemmer av Signing Maps-teamet, inkludert seniorforskarar, tradisjonsberarar og andre doktorgrads- og masterstudentar for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar, konferansepresentasjonar, populærvitskaplege publikasjonar og pedagogisk/digitalt arkivmateriale. Kvalifikasjonskrav: Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som til dømes etnomusikologi, musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk. Kandidaten skal lede ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk. Det er meriterande om ansøkaren har verifierad samisk kulturell kompetens. Det er ein fordel om søkjar har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk. Flytande munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk er eit krav for stillinga. Følgjande kvalifikasjonar vert særskilt vektlagt: Søkjar må leg