About this role
Svelgen oppvekst har ledig ei 100 % fast lærarstilling og ønskjer ein engasjert, fagleg sterk og relasjonsorientert medarbeidar velkommen til laget vårt. Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med barn og ungdomsskule og barnehage. Det er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi har PALS-modellen som som grunnmur i alt arbeidet vi gjer både med læringsmiljø, trivsel, relasjonar, motoivasjon, inkludering og samarbeid med heimane. PALS-modellen består av systematiske, førebyggande tiltak som rettar positiv merksemd mot alle elevane i skulen. Modellen er basert på forskning og kunnskap om tiltak som fremjar eit trygt læringsmiljø der elevane kan utvikle sosial og skulefagleg kompetanse. Hos oss står arbeidet med trygt og godt skulemiljø som den gjennomgåande raude tråd i alt arbeidet vi gjer. Elevar og tilsette må vere trygge og trivast for å lære, og yte sitt beste. Arbeidsoppgåver Vi søkjer grunnskulelærar med undervisningskompetanse for 1.-7. trinn, innan fagområda engelsk, norsk og kroppsøving Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje. Kvalifikasjonar Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har: Grunnskulelærarutdanning 1.-7.trinn Undervisningskompetanse i engelsk, norsk og kroppsøving Undervisningskompetanse i individuell tilrettelagt opplæring Godkjend pedagogisk utdanning Digital kompetanse God kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: høg relasjonell kompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner fagleg kompetent, utviklingsorientert og oppdatert på eiga fagfelt tydeleg klasseleiar positiv, engasjert og høgt motivert bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø god skriftleg og munnleg framstillingsevne Vi tilbyr Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Gode pensjons- og låneordningar gjennom SPK, Statens pensjonskasse. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonIngrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321 ArbeidsstadGunnar Scheldrups veg 31 6723 Svelgen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5147608462 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve? Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute. Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no !