Now hiring

Skei omsorgssenter søker etter @ SKEI OMSORGSSENTER

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar. Rehabiliteringsavdeling med 7 rehabiliteringsplassar og 1 palliativ plass Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass Skjerma eining med 7 plassar for personar med demens Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp. Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt. No søker vi deg som vil vere med å løfte oss vidare. Vi har årsturnus, og for dei som ønsker det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg. Vi har ledig: 2 x 100 % fast stilling – sjukepleiar 1 x 100 % fast stilling – helsefagarbeidar 1 x 100% vikariat – sjukepleiar 15.08.26 – 01.09.27 I tillegg har vi helgestillingar på 14–30 % for helsefagarbeidarar, assistentar og studentar. Her kan du velge mellom 7,5-timers eller 12,5-timers vakter. Krav til søkar: norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar gyldig politiattest god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Vi søker deg som: er fleksibel, positiv og likar utfordringar er engasjert, trygg og sjølvstendig i vurderingar fungerer godt i team og har evne til å delegere trivst med å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert har motivasjon til å lære, utvikle deg og bidra til fag- og tenesteutvikling skapar trivsel rundt deg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø er nytenkjande, kreativ og open for utvikling Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde. Vi kan tilby: engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande arbeidsmiljø eit sterkt fagmiljø tett på pasientane varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver ein arbeidsplass du kan vere stolt av gode pensjons- og forsikringsordningar ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar i institusjon moglegheit for alternativ turnus med langvakter Kommunen gjev 35 000 over grunnløn for sjukepleiarar Velkommen som søkar! Du søker elektronisk. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores