About this role
Midt-Telemark Kommune er på utkikk etter aktivitetskontaktar til ungdom, vaksne og eldre med ulike interesser og ulike behov for tilrettelegging, som kan hjelpa til i sosiale samanhengar med andre i grupper eller individuelt, og då gjerne i samband med fysisk aktivitet, trening eller sosialisering. Du blir ein viktig person i andres liv og vera ein døropnar til eitt aktivt og sosialt liv. Du skal bidreg du til at menneske med ulike behov for bistand blir knytte til positive og sosiale relasjonar og aktivitetar som skal gi ein meiningsfull kvardag. Akivitetskontakter jobbar på engasjementsavtale. Arbeidsoppgåver Vere i ulike fritids- og kultur aktivitetar med andre. Vere støttespiller inn i organisert aktivitet ved lag - og foreiningar. Moglegheit å vere gruppeleder i aktivitetar. Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Fra 18-80 år Gyldig politiattest Stabil og fleksibel i tjenesten Kan binde deg for minimum et år fram i tid Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Førarkort B Er ein fordel om du disponerer bil, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar Du er fleksibel Du er trygg på deg sjølv og kan setja grenser Du er positiv og flink til å motivera Du er påliteleg og held avtalar Du er raus og kreativ Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Lønn og utgiftsdekning etter faste satsar Du er omfatta av gode pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonMerete Pladsen Schei, Avdelingsleiar, +47 90156021 ArbeidsstadHolmenvegen 23 3810 Gvarv Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5149429297 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 03.08.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.