Now hiring

Sundheimen @ SUNDHEIMEN

Norway (NO0A2)OnsiteContractPosted 14 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein av dei engasjerte medarbeidarane våre og jobba i eit spennande team ? Vi søkjer sjukepleiar/ vernepleiar til vikariat stilling på natt Sundheimen. Vikariatet er ledig frå 15.06.26 til 01.06.27 Om avdelinga Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med tenester døgnet rundt. Vi har 54 pasientar fordelte på fem bufellesskap: tre somatiske og to for personar med demens. I tillegg driv vi 10 av 20 omsorgsbustader i nabobygget. Både Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidsbuarar med samansette og krevjande diagnosar. Vi er eit engasjert fagmiljø som jobbar strukturert og effektivt. Vi set pris på medarbeidarar som kjem med forslag til forbetringar. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse, med fokus på omsorg, tryggleik, behandling og palliasjon. Sundheimen ligg i Skogsskiftet, om lag 15 minutt frå Straume. Tilsette har gratis parkering og tilgang til ladestasjon. Arbeidsoppgåver Gje heilskapleg omsorg Utføra sjukepleiefaglege oppgåver på natt, inkludert palliativ pleie Ivareta individuelle behov hos pasientane Rapportera og dokumentera etter gjeldande rutinar og lovverk Rettleia, undervisa og samarbeida tverrfagleg Bruka og følgja opp velferdsteknologi Halda deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling Utføra enklare laboratoriearbeid Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg Vi legg vekt på personlege eigenskapar Ønskjeleg kompetanse og eigenskapar Erfaring frå arbeid i eldreomsorg Eevne til å jobba sjølvstendig og strukturert Du er engasjert, ansvarsbevisst og løysingsorientert Gode ferdigheiter i samarbeid Evne til å takla stress og hektiske situasjonar Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Anna: Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff. Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff. Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %) Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger per år Vi tilbyr Mentorordning i system Varierte sjukepleiefaglege oppgåver Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Moglegheit for fagleg og personleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar IA‑verksemd Gratis parkering og moglegheit for lading Kontakt : Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf. : 90076112 Einingsleiar, Janne Thode tlf.: 45044569 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Sundheimen at SUNDHEIMEN | ResuMinder Jobs