Now hiring

Musikkterapeut i 100 % prosjektstilling @ MÅLØY KINN MUSIKKTERAPI

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kinn kommune søkjer 100% musikkterapeut prosjektstilling i eit år, med mogleg forlenging til 3 år. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg samarbeid med Familiehjelpa i Kinn samt fagleg vere organisert i musikkterapiteamet i kommunen, Lev vel. Stillinga er knytt til ei særskild satsing på lågterskeltilbod til barn og unge. Det er to andre musikkterapeutar i kommunen, så det kan vere at arbeidsoppgåvene vil variere litt, som og kan omfatte arbeid med vaksne. ArbeidsoppgåverSom musikkterapeut i Kinn får ein eit større fagmiljø for musikkterapeutar og faget er godt implementert i dei kommunale tenestene. Her får du utvikle deg og vere med på å forme og vidareutvikle arbeidet. Stillinga er retta til barn og unge med mål om å tilby tidleg og tilgjengeleg helsehjelp, førebygge alvorlege psykiske lidingar, redusere behov for særskilde og spesialiserte tenester og sikre samtidige og heilskaplege tiltak rundt barnet / ungdommen. Tiltaka vil vere individuell musikkterapi, musikkterapi i gruppe og større opne arena-arrangement. Ein vil jobbe tett i lag med andre fagpersonar i helse og oppvekst generelt. Musikkterapien skal sjåast heilskapleg og vere godt forankra inn mot barnet / ungdommen og alle tilboda ein har elles til målgruppa.KvalifikasjonarFullført 5-årig masterutdanning i musikkterapiPersonlege eigenskapar Fagleg og personleg engasjement Evne til å jobbe sjølvstendig og i team Vere fleksibel og løysingsorientert Opptatt av kvalitet og ha gode kommunikasjonsferdigheiter. Bidra aktivt til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø Evne og vilje til å ta til seg ny kunnskap og måtar å jobbe på Personleg eignaheit vil bli vektlagt God på relasjonsbygging Vi tilbyr Spennande nybrottsarbeid i eit tverrfagleg miljø. Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk Kompetanselønnsstige KontaktinformasjonGry Hammerseth Ommedal, Leiar Familiehjelpa Kinn, 46849557 Jorunn Bakke Nydal, Fagleiar musikkterapeut, 91344734 ArbeidsstadStrandgata 30 6905 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5148776853 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 10.08.2026 Søknadsfrist: 06.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores