About this role
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy kommune styrkar laget! Som følgje av auka bemanning og omgjering av svangerskapsvikariat til faste stillingar, har vi no fleire faste 100 % sjukepleiarstillingar ledige frå 1. september 2026, eller etter avtale . Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldrar som har rett til helsehjelp. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande kvardag der du jobbar tett på brukarane. Vi har god fagdekning, og du vil aldri vere aleine sjukepleiar på vakt. Du blir ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø, og jobbar saman med dyktige helsefagarbeidarar og assistentar på alle vakter. Vi tilbyr langvakter med arbeid kvar 4. helg. På langvakter har du pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar. Intervju blir gjennomført 19/8-26. Arbeidsoppgåver Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning Sjukepleiefaglege prosedyrer Primærkontaktansvar Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar Veiledning av studentar i avdelinga Bidra til eit positivt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav Krav om bachelorgrad i sjukepleie, HPR-nummer oppgis i søknaden Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram) Førarkort klasse B Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Vi tilbyr Tariffløn God opplæring Eit godt fagleg miljø og moglegheit for utvikling Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Ei av Noregs finaste øyer som arbeidsstad Anna informasjon Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 mnd. prøvetid ved tilsetjing Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! Om arbeidsgiveren: I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukarar i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta. Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!