Now hiring

Politibetjent 3/2/1- karriereløpsstilling @ ÅLESUND POLITIHUS

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Er du politiutdanna og ønskjer deg eit variert karriereløp, der du får prøve deg på fleire tjenesteområde og oppgåver? Vi har stadig behov for fleire medarbeidarar mellom anna som følger av at våre tilsette har permisjon eller bidrar i andre delar av organisasjonen. No ønskjer vi deg fast med på laget for å kontinuerleg vareta samfunnsoppdraget til politiet på ein god måte. Vi har for tida ledig 2-3 stillingar. Du vil bli tilsett som politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt med Ålesund inkludert Eidsvikeidet som fast geografisk stadsplassering, men kva for eining du tilhøyrer og arbeidsoppgåvene dine vil variere ut ifrå behovet i politidistriktet. Du vil få eit planlagt karriereløp, med til dømes eit års erfaring frå operasjonssentral eller grense-/utlendingskontroll, eit år erfaring frå etterforsking eller førebygging, og eit års erfaring frå vakt og beredskap. Minst ein periode vil vere hos seksjon for vakt og beredskap. Etter tre år kan du fremje eit ønske om kva for tjenesteområde du ønskjer vidare karriere innan. Vi vil strekkje oss langt for å imøtekomme ønsket ditt, men det må sjåast i samanheng med behova i politidistriktet på tidspunktet. Utover ei variert og utviklande stilling, byr Ålesund og Sunnmøre på eit rikt kulturliv, storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring og anna friluftsliv året rundt. Vi ser fram til å høyre frå deg! Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som er motivert for å jobbe innan ulike tjenesteområde og oppgåver i politidistriktet. I vurderinga av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på. Vidare opptrer du profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum gjennom kommunikasjonen sin, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver vakt og beredskap operatør operasjonssentral etterforsking førebygging grensekontroll/utlendingskontroll andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta kan påleggast andre oppgåver ein må pårekne turnustjeneste Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: fullført og bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål og utfylt karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nytt plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skule erfaring frå politistilling etter fullført og bestått Politi(høg)skule Personlege eigenskapar For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at du: er fleksibel og motivert for å jobbe innan ulike tjenesteområde og oppgåver i politidistriktet (vektlagt) er robust, med dette meiner vi at du må tole å stå i tøffe psykiske og fysiske oppdrag har gode kommunikasjonsferdigheiter har gode samarbeidsferdigheiter er ansvarsbevisst Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her . Dette kan vi tilby om du vel oss fagleg utvikling gjennom ei stilling med planlagt variasjon mellom fleire tjenesteområde fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse jf. kompetansekriteriene for politibetjenter, med brutto årslønn: etterforskar: politibetjent 3 - frå kr. 640 000 - kr. 690 000 politibetjent 2 - frå kr. 585 000 - kr. 635 000 politibetjent 1 - frå kr. 560 000 - kr. 610 000 operatør: politibetjent 3 - frå kr. 615 000 - kr. 665 000 politibetjent 2 - frå kr. 560 000 - kr. 610 000 politibetjent 1 - frå kr. 535 000 - kr. 585 000 grense-/utlendingskontroll, forebygging, etterretning, kombitjeneste: politibetjent 3 - frå kr. 590 000 - kr. 640 000 politibetjent 2 - frå kr. 535 000 - kr. 585 000 politibetjent 1 - frå kr. 510 000 - kr. 560 000 vakt og beredskap: politibetjent 3 - frå kr. 590 000 - kr. 640 000 politibetjent 2 - frå kr. 535 000 - kr. 585 000 politibetjent 1 - frå kr. 510 000 - kr. 560 000 godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste vedlikehald av IP4-godkjenning moglegheit for trening i arbeidstida medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her . Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Vid

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores