Now hiring

Vikariat i naturfag og biologi @ VOSS VIDAREGÅANDE SKULE

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har også eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Skulen, som ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen, har om lag 115 tilsette. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og skuletilbodet slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli best mogeleg. Som skule har me høge ambisjonar, og har som mål å vera mellom dei leiande skulane innanfor dei programområda me tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokal og regionalt næringsliv. Sjå meir informasjon om skulen på: https://www.voss.vgs.no ArbeidsoppgåverFrå 01.08.26 har me ledig: 43% naturfag (vikariat skuleåret 26/27) 28% biologi (vikariat skuleåret 26/27)Kvalifikasjonar (overskrift) Me ynskjer søkjarar som har: høgskule/universitetsutdanning undervisningskompetanse innan dei aktuelle fagområda pedagogisk utdanning Me søkjer etter ein person som er: målretta og systematisk og set eleven si læring og utvikling fremst tydleg og støttande i undervisning kreativ og har omstillingsevne interessert i faget flink til å samarbeida og har gode evner til å motivera elevane Nytt og moderne skulebygg Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap og godt arbeidsmiljø Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar KontaktinformasjonAina Sandaker, avdelingsleiar, 41465683 ArbeidsstadStrandavegen 251 5710 Skulestadmo Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5149100134 Stillingsprosent: 71% Vikar Startdato: 12.08.2026 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores