About this role
Dagaktiviteten er eit viktig førebyggjande og helsefremjande tilbod som skal bidra til meistring, sosial deltaking og gode dagar for våre brukarar slik at dei kan bu lengst mogleg i eigen heim. Tilbodet lokaliseres på to lokasjonar: Ølen omsorgssenter: Dagtilbod for eldre heimebuande fire dagar per veke. Vindafjordtunet, to grupper: Dagtilbod for personar med kognitiv svikt fire dagar per veke Dagtilbod for eldre heimebuande to dagar per veke. Nå søkjer me ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar i 100% fast stilling. Som avdelingsleiar vil du ha det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret for drift og utvikling av dagaktivitetstilbodet. Du vil og vera ein synleg leiar som er tett på både medarbeidarar, brukarar og pårørande. Stillinga er på dagtid og inneber oppmøte ved begge sentra etter behov. Ein dag per veke er satt av til administrative oppgåver, med det må og reknast med administrative arbeidsoppgåvar på andre dagar. Kva får du jobba med hos oss? Fagleg leiing og vidarutvikling av dagaktivitetstilbodet i tråd med brukarane sine behov. Personalansvar for tilsette ved dagaktiviteten. Ressursstyring, turnusplanlegging og fordeling av personalressursar mellom gruppene. Planlegging, koordinering og gjennomføring av aktivitetar. Samarbeid og dialog med brukarane og pårørande. Plangegging og koordinering av køyreruter i samarbeid med sjåførar og frivillige. Delta og bidra til tverrfagleg samarbeid med mellom anna heimetenesta, tenestekontoret, nettverk og hukommelsesteamet. Sikra fagutvikling og god drift av tenesta. Me kan tilby: Ein jobb der du får høve til å vera med på og utvikla framtidas dagaktivitetstilbod for eldre og personar med kognitiv svikt. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lukkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kvalifikasjonar: Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Du må beherska godt norsk og kommunisere tydeleg og godt både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. Førarkort klasse B God digital kompetanse Erfaring frå arbeid med eldre og/eller personar med kognitiv svikt er ønskjeleg Erfaring med leiing, koordinering eller fagutvikling er ein fordel Personlege eigenskapar: Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ønskjer ein medarbeidar som: Er trygg, tydeleg og inkluderande i leiarrolla Har gode sammarbeidsevner og relasjonskompetanse Er strukturert og har god gjennomføringsevne Er fleksibel og løysingsorientert Har evne til å motivere og engasjere brukararne og medarbeidarane Er engasjert i fagutvikling og ser mogeligheitar for vidare utvikling av dagaktivitetstilbodet Har interesse for aktivitet, meistring og livskvalitet for eldre. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.