Now hiring

Psykologspesialist @ HELSE BERGEN HF PSYKIATRISK DIVISJON KLINIKK FOR SIKKERHETSPSYKIATRI

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å forme framtidas sikkerheitspsykiatri? Vi søker ein varm og klok psykologspesialist til fast stilling ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen. Hos oss får du arbeide med ei kompleks og spennande pasientgruppe i eit sterkt fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling, påverknad og fordjuping. Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. RSA har 10 sengeplassar og gir tilbod til pasientar i Helse Vest med alvorlege psykiske lidingar og høg voldsrisiko. Pasientane har ofte samansette utfordringar, inkludert ruslidingar, personlegdomsforstyrringar og utviklingsforstyrringar. Vi arbeider tett tverrfagleg og legg vekt på: * fagleg refleksjon og rettleiing * strukturert pasientarbeid * klinisk fordjuping * samarbeid Avdelinga er også i utvikling, blant anna med etablering av eit tilbod til barn og unge (RSA Ung Vest), samt deltaking i utviklinga av Nye Sandviken. Arbeidsoppgåver Utgreiing og kartlegging, herunder kognitiv kartlegging, og diagnostiske vurderingar Behandling og oppfølging av pasientar Utarbeide valdsrisikovurderingar og valdsrisikohåndteringsplanar Rettleiing av personale Undervisning internt og eksternt Bidra i tverrfagleg samarbeid Oppgåver på tvers av seksjonar ved behov Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykolog Spesialisering i klinisk vaksenpsykologi og/eller nevropsykologi Erfaring med eller interesse for: - risikovurdering - alvorlege psykiske lidingar - personlegdomsforstyrringar og rus - utviklingsforstyrringar Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevne Ryddig og strukturert Tilpassingsdyktig Gode kommunikasjonsevne Vi tilbyr Eit sterkt og engasjert fagmiljø Spennande og komplekse kliniske oppgåver Gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering Rettleiing og deltaking i faglege forum Konkurransedyktige vilkår Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas sikkerheitspsykiatri Politiattest må leggast fram ved tilsetjing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarthe Halvorsen Kjærstad, kst klinikkleiar, 90936016 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5149278061 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores