About this role
Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig ei 100% stilling som sjukepleiar! Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi etter ein engasjert sjukepleiar som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag. Arbeidet vil bestå av planlegging av operasjonar innanfor ortopedi og kirurgi. Vi samarbeider tett med legar, anestesi- og operasjonspersonell for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Du er ein engasjert sjukepleiar som liker å jobbe i eit effektivt og fagleg sterkt miljø, er engasjert og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Startdato frå snarast. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver Ansvar for oppsetting av planlagte operasjonar Pasientlogistikk og ventelistearbeid innan kirurgi og ortopedi Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper Bidra til kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i avdelinga Rapporter Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant utdanning God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer Du må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver Evne til å jobbe i eit miljø med høg aktivitet Interesse for logistikkflyt Gode IT- kunnskapar Personlege eigenskapar Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer Du er ansvarsbevisst Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonCicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5146193967 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 31.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal