About this role
Kort om stillinga: Me søkjer ein engasjert og motivert rådgjevar til ei spanande og variert stilling innan landbruk. Som rådgjevar vil du jobbe tett opp mot bønder/ skogeigerar og i samspel med andre aktørar innan landbruksnæringa. Du vil bidra til bærekraftig og god ressursforvaltning og vere med å utvikle landbruket i Voss. Arbeidsoppgåver Rettleiing og rådgjevingsoppgåver mot næringa Oppfølging av ulike tilskotsordningar Sakshandsaming etter særlovene i landbruket Utvikling av landbruket på Voss inn i framtida Avhengig av bakgrunn og kompetanse, kan oppgåver innan generell næringsutvikling i heradet vere aktuelt Me ynskjer at du har : Relevant høgare utdanning innan landbruksrelaterte fag Realkompetanse frå rådgjeving i privat sektor og/eller offentleg forvaltning kan kompensere for manglande høgare utdanning God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, heradet nyttar nynorsk som målform Gode samarbeidsevner, men samstundes kan arbeide sjølvstendig og er målretta og strukturert Motivasjon og engasjement i arbeidet og er ein fleksibel medarbeider som er løysingsorientert i eit tverrfagleg miljø Me tilbyr Varierte og interessante arbeidsoppgåver med stor kontaktflate mot næringa Viktig rolle i utviklinga av landbruket på Voss Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Eit godt tverrfalgeg og sosialtarbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn og vilkår etter avtale. Søknad Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande