About this role
STILLINGSANNONSE -- SOMMARHJELP/VIKAR LAGERMEDARBEIDAR Martin Lid Trelast søkjer ein engasjert og arbeidsvillig sommarhjelp/vikar som lagermedarbeidar . Er du glad i praktisk arbeid og ønskjer verdifull arbeidserfaring? Då vil me gjerne høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Varemottak og vareutlevering Orden og vedlikehald på lageret Lasting og lossing av varer Enkle førefallande oppgåver Me ser etter deg som Er 16 år eller eldre Er påliteleg, positiv og arbeidsvillig Likar fysisk arbeid og tek ansvar Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Me tilbyr Ei variert og lærerik stilling som sommarhjelp/vikar Eit triveleg arbeidsmiljø God opplæring Søknadsfrist: Snarast Søknad og spørsmål kan sendast til: Øivind Ringheim 📧 [email protected] 📞 993 13 883 Me behandlar søknader fortløpande, så send gjerne inn søknaden din så snart som mogleg. Me ser fram til å høyre frå deg! Om arbeidsgiveren: Byggtorget Martin Lid Trelast AS er eit veletablert byggevarehus som har forhandla byggevarer, hus og hytter på Voss og i omegn i 65 år. Selskapet held til i eigne lokalar på Palmafossen og har i dag over 20 tilsette. Eigen prosjektavdeling har i over 50 år levert tilbygg, garasjar, hus og hytter. Me hjelper private og proffkundar med teikningar, prosjektering, søknader og byggevarer. Me brenn for eit godt arbeidsmiljø og gode kundeopplevingar. Selskapet er medlem av byggevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedene er medlemsbedrifter i Noregs største byggevarekonsern, Mestergruppen. Byggtorget Martin Lid Trelast blei kåra til årets forhandlar i Norge og Region Vest i 2023.