About this role
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb? Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar! I juni, juli og august treng vi ferievikarar i Haram omsorgstenester. Vi kan tilby gode bonusordningar for ferievikarar! Les informasjon om dette under. Vi trenger vikarar hos: Haram Omsorgssenter Heimtenesta på Nordøyane Heimtenesta i Ytre Haram Vi søkjer etter personar med helsefagleg kompetanse og pleiemedhjelparar. Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring! Har søkjer spesifikke ønskjer er det flott om ein skriv om ein primært ønskjer å arbeide på omsorgssenter eller i heimetenestene. Det er fortløpande tilsetting. Om Haram omsorgstenester Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Spennande og meiningsfylt arbeid innan våre verksemder for sjukeheim, heimeteneste, dagsenter og kjøkken Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske Vi treng også heimehjelper til å utføre vask og praktisk bistand hos heimebuande brukarar Kvalifikasjonar For stillingar i heimeteneste er det krav om førarkort klasse B Det er krav om å kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioda veke 26-33 Personar som kan arbeide 6-8 veker vil bli prioritert Personlege eigenskapar Du må vere omsorgsfull, ha gode samarbeidsevner og kunne bygge gode relasjoner til våre brukere Du må vere lærevilleg og kunne ta til deg kunnskap som blir gitt under opplæring Du må vere presis, ansvarsfull og ha god arbeidskapasitet Vi tilbyr Løn etter tariff. God opplæring. Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar. Sommarvikarar som arbeider meir enn seks veker i sommarturnus, får kr 5 000 per ekstra veke (veke 7 og 8). Det er krav om at den tilsette i snitt arbeide i minst 80 % stilling i heile den perioden hen har avtalt å vere ein del av sommarturnusen. Dersom fråvær medfører at stillingsprosenten fell til under 80 %, vert bonusen ikkje utbetalt. Arbeid i turnus, også langvakter. KontaktinformasjonIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, [email protected] ArbeidsstedStorgata 20 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5149572627 Stillingsprosent: 100, 80% Sommarjobb Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.