About this role
Helse Vest IKT utviklar mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved sjukehusa på Vestlandet. Vi er stolte av å levere 100% samfunnsnyttige system med god kvalitet. Vi deltek i mange og varierte utviklingsaktivitetar, frå innovasjonsprosjekt til større løysingar for å automatisere og effektivisere i sjukehusa. I tillegg til utvikling av ei rekke webløysingar og integrasjonar, er vi involvert i prosjekt knytt til bruk av VR, IoT og maskinlæring/KI i sjukehusa. Vi tek i bruk nyaste teknologi der vi kan, og meiner at trivsel og kontinuerleg kompetanseutvikling er ein føresetnad for å drive god utvikling. Avdelinga består av omlag 60 høgt kvalifiserte systemutviklarar, arkitektar og UX-designarar fordelt på ti team. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester. Arbeidsoppgåver Utvikling i vår utviklingsplattform som består av Microsoft.NET (C#, ASP.NET, Enity Framework, MVC, SQL) og Angular (TypeScript, JavaScript, CSS). Vi køyrer på ein hybrid plattform med tenester både i Azure og on premise. Kvalifikasjonar Du har relevant utdanning frå høgskule/universitet (særs relevant erfaring kan i nokon høve erstatte formell kompetanse). Du har erfaring med utvikling (frontend, backend eller fullstack). Det er ein fordel om du har kjennskap til og interesse for programvarearkitektur og datamodellering Dersom du har kjennskap til eller interesse for skyteknologi er det også eit pluss. På same måte som oss har du forståing for at tryggleik, nettverk og infrastruktur er essensielt for eit trygt helsevesen. Dersom du er ein pådrivar for smidig metodikk tel det positivt. Hos oss går utviklinga føre i tett dialog med våre brukarar. Det er difor viktig med både gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk. Personlege eigenskapar Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid. Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert. Du liker å halde deg oppdatert på trendar, utviklingsmetodar og verktøy for moderne systemutvikling og synast fagleg påfyll er givande. Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samtidig som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst. Du likar å jobbe sjølvstendig, men sett pris på å vere del av eit team. Vi tilbyr Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du: Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj Engasjerte kollegaer Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit. Løn etter avtale Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMerethe Heggset, Seksjonsleiar, +47 93007187 ArbeidsstadBjørnsons gate 29 5052 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest IKT Referansenr.: 5147995825 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund. Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no