About this role
Ulstein Design & Solutions søkjer Sales Manager Aftermarket Har du interesse for sal, nettverksbygging og maritime løysingar? Vi søkjer ein engasjert Sales Manager Aftermarket som vil vere med å utvikle - samt styrke relasjonane våre med kundar i drift. Du blir ein sentral del av ettermarknadsteamet vårt – eit miljø der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og løysingsorientert arbeid står i sentrum. Du er ein person som trivst i møte med folk, som likar å sjå moglegheiter og som får energi av å skape gode resultat. Du er nysgjerrig, framoverlent og utadvent. Du har interesse for sal, design, tekniske løysingar og forbetring av arbeidsprosessar. I rolla som Sales Manager Aftermarket blir du ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø i Ulstein Design & Solutions – ein plass der ingen dagar er like. Du jobbar tett med både kundar og kollegaer for å finne dei beste løysingane, og sal, tilbod og nettverksbygging er ein naturleg del av kvardagen. Du får ei sentral rolle i å marknadsføre og selje engineeringtenester knytt til reparasjonar, vedlikehald og ombyggingar av skip, i tett samarbeid med kundar, leiar for ettermarknad og interne fagmiljø. I tillegg må du rekne med noko prosjektarbeid og bidra aktivt i forbetring av arbeidsprosessar. Du vil vere ein sentral bidragsytar i å styrke selskapet sin posisjon i marknaden, og rolla gir deg ei unik moglegheit til å jobbe kommersielt i skjeringspunktet mellom sal, teknisk og maritime løysingar. Er dette noko for deg? Då ser vi fram til å høyre frå deg! KontaktinformasjonRunar Muren, Managing Director, +4795170764 ArbeidsstedOsnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Ulstein Design & Solutions AS Referansenr.: 5128703168 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026 Om arbeidsgiveren: ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise. Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke prisvinnande skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjektstyring og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.