Now hiring

Arbeide med topp moderne teknisk utstyr omgitt av Noregs vakraste natur? @ OSLAND SETTEFISK AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finner du ei topp moderne og lokaleigd bedrift, Osland Settfisk. Vi søkjer nå ein teknikar i ei nyoppretta stilling. Som teknikar er du med i gjengen (fagbrev innan biologi, elektro, automatikk) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen. Arbeidsoppgåvene vil vere Drift og oppfølgjing av RAS anlegg Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr Teknisk tilsyn Journalføring og rapportering Delta i utbyggingsprosjekt Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggjar) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling. Osland Settefisk tilbyr Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø Moderne anlegg og utstyr Utfordrande arbeidsoppgåver Gode faglege utviklingsmoglegheiter Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø. Om arbeidsgiveren: Osland Settefisk er dotter-selskap i Osland AS. Produksjonen vår er på nye og moderne settefiskanlegg (RAS) på Sørebø i Høyanger kommune. Vi har konsesjon på 5 mill. smolt og er i dag 16 tilsette.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores