About this role
Det er ledig 80 % vikariat for vernepleiar, pedagog eller tilsvarande med særkontaktansvar for enkeltelev med psykososiale utfordringar på ungdomstrinnet frå og med 17.08. 2026 til og med 31.07.2027, med moglegheiter for forlenging. Andre med relevant utdanning kan òg søkja. Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 14 klassar frå 1.-10. trinn. Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet. Skulen er medlem av den ideelle organisasjonen MOT. MOT har program for ungdomsskular og skulen vår har vald å satsa på Robust ungdom og Skulen som samfunnsbyggjar. MOT-satsinga er ein medverknad for å byggja ein varm og trygg skule, til liks med programmet SUPER, eit program frå same organisasjon som rettar seg mot dei yngste på barnetrinnet, som skulen vår er ein del av. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot. Me søkjer etter deg som er ein trygg og varm vaksenperson med god relasjonskompetanse og som gjerne har interesse for praktiske handverksfag. er fleskibel, strukturert og sjølvstendig empatisk, tolmodig og kan stå i krevjande situasjonar over tid er god til å tilpassa deg arbeidsoppgåver og utfordringar ut frå eleven sitt behov vil vera ein lagspelar i skule med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen Det er avgjerande at du eignar deg personleg for arbeidet. Me tilbyr eit fagleg dyktig og samarbeidsorientert fellesskap rettleiing arbeidsåret følgjer skulen si skulerute i eit komprimert arbeidsår Kraftlaget – kva får du hos oss? Arbeidsmiljø Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. Fleksibilitet og kvardagsliv Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon. Utviklingsmoglegheiter Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving , både internt og gjennom regionale fagnettverk. Bu i Suldal Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar . Hjå oss i Suldal kommune får du: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Bedriftshelseteneste Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff Nynorsk som administrasjonsspråk Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar: Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sand skule har omlag 290 elevar fordelt på 14 ordinære klassar frå 1. -10. trinn, i tillegg har me velkomstklassar bygd opp etter fådelt struktur og skulefritidsordning Sand skule sin visjon er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet. Sand skule er ein MOT-skule der visjonen er å byggja eit varmare og tryggare samfunn og gje barn og unge MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å seia nei. Prinsippa me arbeider etter er å vera i førekant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket. Oppdraget er å utvikla robust ungdom som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.