Now hiring

Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO @ SOLEVÅG SKULE SFO

Norway (NO0A3)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Solevåg skule er ein mellomstor barneskule i Sula kommune med i overkant av 200 elevar fordelte på 12 klasser frå 1. til 7. trinn. Skulen ligg flott plassert på Solavågseidet med tilgang til eit mangfaldig nærområde godt tilrettelagt for friluftsaktivitetar. Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt vektøy. Skulen har 21 pedagogar, åtte assistentar, dagleg leiar SFO, helsesjukepleiar, inspektør og rektor. ArbeidsoppgåverSolevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og assistentar. KvalifikasjonarDet er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev. Gyldig politiattest må leggast fram. Personlege eigenskaparVi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga. Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty. God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Skulen nyttar nynorsk som målform. Vi tilbyrLøn etter gjeldande tariffavtalar. KontaktinformasjonBørre Hagen, Rektor, 95710229, [email protected] Arbeidsstadsolavågseidet 57 6037 Eidsnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 4843644081 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.07.2027 Om arbeidsgiveren: Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta. Meir informasjon om Sula kommune her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores