Now hiring

Sjukeheimslege i institusjonsteneste @ LURANETUNET BU- OG BEHANDLINGSSENTER, INSTITUSJON

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bjørnafjorden kommune har ledig 100 % stilling som sjukeheimslege (ALIS) frå 1.9.26 - 28.2.27. Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønskjer å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande miljø. Det er gode mogelegheiter for både "ad hoc" og meir strukturert rettleiing av erfarne legar. Arbeidsstad Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen. Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. Vi har og 2 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing. Arbeidsoppgåver Utredning, behandling og oppfølging av bebuarar Tverrfagleg samarbeid Rådgjeving og rettleiing av helsepersonell Samarbeid med pårørande, fastlegar og øvrige einingar og faggruppar Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leggjast fram Personlege eigenskapar Vi søker deg som har interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin eller ønsker å lære om faget Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet Du er ansvarleg, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner Gode kommunikasjonsferdigheiter Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring God konkurransedyktig lønn Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø En svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar Internundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar Gode pensjons- og forsikringsordningar Allmennmedisinsk teneste på sjukeheim for spesialisering i allmennmedisin Rettleiing av erfarne sjukeheimslegar Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores