Now hiring

Rådgjevar PPT @ PPT VOSS

Norway (NO0A2)OnsiteContractPosted 9 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Me har to x 100% stilling, svangerskapsvikariat, som pedagogisk-psykologisk rådgjevar i barnehage frå 1.august 2026 – 1.juli 2027 Om arbeidsstaden PPT er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Kommunalavdelinga har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering og vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. PPT Voss dekkjer kommunane Eidfjord og Voss. Tenestestad er Voss. Arbeid i begge kommunane må påreknast. PPT Voss har eit stort og breitt fagmiljø med rådgjevarstillingar, psykolog, spesialpedagogar, logopedar og merkantile støttefunksjonar. PP- tenesta har kontor i Knutepunktet der me er samlokalisert med fleire andre hjelpetenester. Rådgjeving, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans. Stillingsinnhaldet kan bli endra som følgje av ny organisering. Arbeidsoppgåver Utgreiing og sakkunnig arbeid Rettleiing/rådgjeving til føresette, barnehage/skule og andre samarbeidspartnarar Systemretta arbeid Deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar Høgskule eller universitetsutdanning innanfor områda spesialpedagogikk/pedagogikk/psykologi God kunnskap/erfaring med både det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske arbeidet i barnehage/skule God digital kompetanse God norskspåklege kommunikasjonsferdigheiter Det er eit krav om at den som vert tilsett har sertifikat klasse B. PPT disponerer bilar til bruk i tenesta Ynskjeleg med: Ynskje om kunnskap/erfaring frå arbeid med menneskje med nedsett funksjonsevne Ynskje om kompetanse på åtferdsutfordringar/autismespekterforstyrringar Ynskje om kompetanse på foreldrerettleiing/rådgjeving Godkjent politiattest vert å leggje fram før tiltreding av stillinga Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT Me tilbyr gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt miljø gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Meoppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Rådgjevar PPT at PPT VOSS | ResuMinder Jobs