About this role
Ledige stillingar fast og vikariat for helsfagarbeidar og pleiemearbeidar i heimetenestene i Volda Kommune . 85 % fast stilling (natt) for pleiemedarbeidar Ambulerande heimetenester gruppe 1 og 2, med base i Volda sentrum Turnus: for tida arbeid kvar tredje helg Oppstart: 01.09.2026 95 % vikariat for helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar Folkestadtun omsorgsbustad Turnus: dag/natt og langvakter på helg, for tida arbeid kvar tredje helg Periode: 01.09.2026 – 31.08.2027 🔹 Om stillingane Med oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Du vil arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper. Vi har eit sterkt fokus på: kvalitet i tenestene fagleg utvikling gode og trygge tenester for brukararane Du blir ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der samarbeid og trivsel står sentralt. 🔹 Vi tilbyr ✔ Fast stilling og vikariat i eit utviklande fagmiljø ✔ Varierte arbeidsdagar med faglege utfordringar ✔ God opplæring, rettleiing og fagleg støtte ✔ Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø 👉 Hugs å oppgi i søknaden kva stilling du primært søkjer på. Søk no og bli ein del av vårt dyktige team! Arbeidsoppgåver Som helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar vil du møte brukarar med ulike og samansette behov. Du skal bidra til god omsorg gjennom observasjon av helsetilstand og utføring av pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og tiltaksplanar. Arbeidet tek utgangspunkt i individuelle tiltaksplanar og kan til dømes omfatte bistand til personleg pleie, forflytting og tilrettelegging for måltid. For stillingar ved Folkestadtun omsorgsbustad kjem det i tillegg praktiske oppgåver som rydding, reinhald og anna førefallande arbeid. Personalet skal bidra til helsehjelp, aktivisering og tilrettelegging for ein god og meiningsfull kvardag for bebuarane. Alle tilsette har ansvar for å medverke til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø. For helsefagarbeidarar inneber stillinga eit særleg ansvar for observasjon og dokumentasjon av helsetilstand, samt å setje i verk og følgje opp tiltak i samarbeid med anna helsepersonell. Helsefagarbeidarar har òg ansvar for rettleiing av pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Dokumentasjon i pasientjournal er ein viktig del av arbeidet, i tråd med rolle og ansvar. Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar er krav for helsefagarbeidarstillingar Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt Må beherske norsk flytande, både munnleg og skriftleg Må ha alminnelege datakunnskapar Må ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid Vi legg vekt på gode grunnleggande fagkunnskapar, inkludert god observasjonsevne Må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før oppstart i arbeid Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Likar å arbeide med eldre Trivast med å arbeide sjølvstendig Har god evne til å gjere observasjonar og vurderingar, samt å setje i verk nødvendige tiltak Tek initiativ og viser ansvar i arbeidet Har godt humør og bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar vert avgjerande ved tilsetting Vi tilbyr Løn etter tariff, stillingskode 4105/6583 Sjølvstendig og variert arbeid God opplæring, rettleiing og støtte, slik at medarbeidarane er trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med god kollegastøtte Høve til fagleg og personleg utvikling Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover Internundervisning og fagleg påfyll, samt tilgang til e-læringkurs frå Visma Glup Gode forsikrings- og pensjonsordningar KontaktinformasjonIngeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, [email protected] Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90 08 99 47, [email protected] Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521 ArbeidsstadSevrinhaugen 4 6102 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5148022632 Stillingsprosent: 85% Fast Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 01.09.2027 Søknadsfrist: 08.07.2026 Om arbeidsgiveren: Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien. I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i. Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss! Fleire ledige stillingar i Volda kommune