About this role
Har du eit stort engasjement for frivilligheit, kultur og å skape møte mellom menneske? Som dagleg leiar får du gleda av å vidareutvikle eit spennande samarbeid med dei frivillige i Aukra. Du har arbeidsstad på Aukra kulturhus og samarbeider tett med heile kulturtenesta i Aukra. Arbeidsoppgåver Ansvar for dagleg drift av Aukra frivilligsentral Kontaktperson og samarbeidspart for frivillige i heile kommunen Ansvar for BUA Aukra (utlånssentral) Samarbeid med andre tenester i kommunen Informasjonsarbeid Kvalifikasjonskrav Relevant høgare utdanning og/ eller anna relevant kompetanse Du arbeider sjølvstendig, er organisator, iverksettar og gjennomfører Du har god evne til å motivere og engasjere andre, er kreativ og glad i menneske Det er ønskeleg med musikkfagleg kompetanse, men ikkje eit krav Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner Kjennskap til kultur- og frivillig organisasjonsliv Interesse for prosjekt- og utviklingsarbeid. Grunnleggande kompetanse i digital kommunikasjon og administrative verktøy Bruke nynorsk som målføre Vi tilbyr Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver Dyktige kollegaer, eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid Gode pensjons- og forsikringsordningar Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding Mangfald Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Aukra kommune er IA-verksemd, og vil legge til rette for søkarar med redusert funksjonsevne. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf Offentleglova §25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søknad sendast Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "søk på stilling". Søknadsfrist: 27. juli 2026. Kontaktperson: Kultursjef Anne Jorunn Sandøy, tlf. 959 07055 Sjå ein kort film om Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXjI Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid. Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.