About this role
Sunndal vidaregåande skole har ledig inntil 60% mellombels stilling på avdeling for teknologi- og industrifag frå 1.august til 31.desember. Vi søker etter deg som ønsker å gi elevane ei opplæring med utgangspunkt i yrkesønska til elevane og gjennom eit tett samarbeid med arbeidslivet. Du ønsker å vere ein god rollemodell og vil fremme interessa for yrka innanfor dette utdanningsprogrammet. Gjennom motivasjonen og engasjementet ditt oppnår elevane lærelyst og eit ønske om å bli lærling. Arbeidsoppgåver- teoretisk og praktisk undervisning etter læreplan på avdeling for teknologi- og industrifag - samarbeid med faglærarar, leiing og andre tilsette ved skolen - samarbeid med andre faginstansar og næringsliv - oppfølging av elevar, både fagleg og sosialt. Kvalifikasjonar - yrkesfaglærerutdanning er ønskeleg - relevant fagbakgrunn, men søkarar utan godkjent pedagogisk utdanning oppfordres også til å søke - fagbrev innanfor teknologi- og industrifaga - god rollemodell for våre kommande fagarbeidar - kvinner blir oppmoda til å søke - god digital kompetanse og digital omstillingsevne - god muntleg- og skriftleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar- har vilje til å bygge gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette - ser elevane og evnene deira og tilpassar undervisninga til den enkelte - ein tydeleg klasseleiar, og evner å skape eit trygt og godt læringsmiljø - er opptatt av elevmedverknad - er løysingsorientert og fleksibelVi tilbyr- ein skule der du trivst dersom du liker å ha innverknad, ønsker å påverke læringsarbeidet i konstruktiv retning og verdset kollegaer med tydelege meiningar - godt sosialt miljø - ein skule der alle jobbar saman for å definere mål og for å nå dei - ein skule som bruker arbeidslivet i opplæring, og gir elevane ein inngangsport til arbeid - lønns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk - gode pensjonsvilkårKontaktinformasjonEdel Hoem, ass. rektor, 90058436 ArbeidsstadSkolevegen 14 6600 Sunndalsøra Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5141286129 Stillingsprosent: 60% Engasjement Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: null