About this role
For mange startar møtet med sjukehuset hos kontaktsenteret – kanskje er det du som gjer den første kontakten trygg og god. Kontaktsenteret består av Dialogsenteret og Dokumentsenteret, og er eit viktig bindeledd mellom pasientar, pårørande og sjukehuset sine tenester. Hos oss får du ein variert kvardag med telefon, skranke, rettleiing og administrative oppgåver. Vi ser etter deg som møter menneske på ein roleg og profesjonell måte, likar å ha orden i oppgåvene dine og har høve til å ta vakter ved behov, også på kort varsel. Har du lyst til å bidra til gode møte med pasientar og pårørande, og kan ta vakter ved behov? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Kva går jobben ut på? Som tilkallingsvikar kan du få varierte oppgåver, blant anna: Betjening av hovudskranke og mottak av pasientar og besøkande. Handtering av sentralbord og telefonførespurnader ved Dialogsenteret. Administrativt arbeid knytt til tilvisingssenteret. Registrering og handtering av tilvisingar. Rettleiing og informasjon til pasientar og samarbeidspartnarar. Andre førefallande oppgåver i kontaktsenteret. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Relevant erfaring fra serviceyrker, kundesenter eller helsesektoren er ein fordel Gode IT-kunnskapar og evne til å setje seg inn i nye system God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Kjennskap til pasientadministrative system er ein fordel, men ikkje eit krav Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: imøtekommande og serviceinnstilt strukturert og nøyaktig god til å handtere fleire oppgåver samtidig i ein travel kvardag trygg i kommunikasjon og god til å samarbeide med andre har høve til å ta vakter ved behov, også på kort varsel Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: ein variert arbeidkvardag tett på pasientar, pårørande og sjukehuset sine tenester god opplæring og innføring i systema du skal bruke kollegaer som hjelper kvarandre og deler kunnskap nyttig erfaring frå administrativt arbeid i spesialisthelsetenesta Vi vurderer søknader fortløpende. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonDagmar Haugeberg, Avdelingsleiar, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5149436067 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 14.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .