About this role
Miljøtenesta i Time kommune består av 6 avdelingar fordelt på Bryne og Kvernaland Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og omfattar: Heildøgns omsorgsbustadar og burettslag Barne- og avlastningsbustad Aktivitetssenter Tilrettelagte aktivitetstilbod Timebaserte tenester til heimebuande Positiv atferdsstøtte (PAS) er godt forankra i tenestene våre og ligg til grunn som verdi- og rammeverk for arbeidet i alle avdelingar. Verksemda arbeider aktivt for at brukarane skal oppleva god livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag, med fokus på sjølvbestemming, meistring og fellesskap. Du vert ein del av eit tverrfagleg miljø og eit leiarteam med fem avdelingsleiarar, og du rapporterer til verksemdsleiar. Om stillinga Du får ansvar for Holmebakken bufelleskap og eit nytt bufelleskap som opnar på Kvernaland i desember 2027. Det nye bufelleskapet er eit kombinert foreldreinitiativ og kommunalt bufellesskap. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og etablering av dette tilbodet. Dette gir deg ei unik moglegheit til å: Vera med å etablere eit nytt bufellesskap frå start Legge gode rammer for fag, struktur og kultur Arbeidsoppgåver Dagleg leiing av avdelinga med fag-, personal- og økonomiansvar Sikra ei god og effektiv tenesteproduksjon Arbeide med kvalitet og fagleg utvikling i tråd med lovverk og interne krav Vere tett på i HMS-arbeid og oppfølging av sjukefråvær Sikre oppfølging av mål, krav og politiske vedtak Bidra til god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar Leie utviklingsarbeid og endringsprosessar Planlegga og etablera nytt bufelleskap på Kverneland I 2026 vil arbeidsoppgåvene i stor grad vere knytte til organisatorisk arbeid, førebuing og tilrettelegging, i lys av at Holmebakken frå 2027 skal slås saman med nytt foreldreinitiativ på Kverneland. Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar Brei erfaring med målgruppa Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing er ønskjeleg God økonomisk forståing Erfaring frå turnusarbeid er ein fordel God IKT-kompetanse Krav om norskferdigheter, minimum B2 Du må ha førarkort klasse B (manuell gir) Det er krav om politiattest ved tilsetting. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Har ein trygg, tydeleg og inkluderande leiarstil Er strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne i ein travel kvardag Skaper tillit, gode relasjonar og godt samarbeid med medarbeidarar, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar Er utviklingsorientert og trivst med å byggja struktur, kultur og fagleg retning i nye tenester Er løysingsorientert, handlekraftig og trygg i komplekse situasjonar og endringsprosessar Bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av openheit, respekt og fagleg engasjement Vi tilbyr Ei spennande og utviklande leiarstilling Moglegheit til å vera med å etablera eit nytt bufelleskap Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling Deltaking i eit godt leiarteam med fadderordning i oppstarten Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar Bedriftskunstforening Løn etter avtale KontaktinformasjonStig Soland Kristofferse, Verksemdleiar, +47 93633153, [email protected] ArbeidsstadHolmebakken 4355 Kvernaland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5149768408 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: "Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.