About this role
Open omsorg indre har ledig fast 100% stilling som assistent i open omsorg indre. Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til at heimebuande får ein trygg, verdig og god kvardag, og som trivst med å jobbe sjølvstendig i eit fagmiljø med høg kvalitet og godt humør. Du vil ha base i Svelgen, men kunne yte tenester til brukarar i heile OOI. Arbeidsoppgåver Praktisk bistand og reingjering i heimen hos brukarar på kvardagar. Bidra til tryggleik, struktur og gode kvardagsrutinar Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar Kvalifikasjonar Vi ønskjer oss deg som har erfaring frå pleie- og omsorgsarbeid, men du er òg velkomen som søkjar dersom du har interesse for faget og ønskjer å lære. Du må: legge fram politiattest av nyare dato ha førarkort klasse B beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Vi ser etter ein medarbeidar som er: motivert og fagleg engasjert sjølvstendig, strukturert og påliteleg god på relasjonar og trivst med å jobbe med menneske serviceinnstilt og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt.Vi tilbyr Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar/sjukepleiar/vernepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet. Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! KontaktinformasjonHilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310 ArbeidsstadGranden 1 6723 Svelgen og Davik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5149951202 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.07.2026 Om arbeidsgiveren: Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve? Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute. Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no !