Now hiring

Rådgivar Kyrkjefag @ DEN NORSKE KIRKE I MOLDE

Norway (NO0A3)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling». Rådgjevarane i kyrkjefag og samfunn er er ein del av biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennar arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostar og dei lokale kyrkjelydane. I Møre bispedømme er det 95 sokn og 25 Kyrkjelege fellesråd. Fram mot 2030 har Møre unge og unge vaksne, kyrkja som samfunnsaktør og organisasjonsutvikling som satsninsområder. Møre bispedøme har ledig eit årsvikariat i avdeling for kyrkjefag og samfunn. Vi søkjer etter ein rådgjevar som kan gå inn i arbeidet i avdelinga, med hovudfokus på arbeidsfelta kyrkjeleg undervisning, diakoni, unge og unge vaksne og ungdomsdemokrati. Det vil og vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan kommunikasjon. Kyrkjefagavdelinga arbeider tett saman, og det vil vere naturleg å tilpasse arbeidsoppgåvene til den kompetansen og erfaring som den som blir tilsett har. Det kan og vere aktuelt å gå inn i andre fagfelt innan kyrkjefag og samfunn. Ein søkjer etter ein person med høgare utdanning innan teologi, diakoni eller kyrkjeleg undervisning. Erfaring frå Den norske kyrkja, enten som tilsett eller frivillig er ønskeleg. Stillingsstørrelse er 50-100%. Varighet er 1 års vikariat, med moglegheit for forlenging. Kontorstad er Molde. Virkar dette spennande? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Maria Vassli Gjære eller stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug for ein prat om stillinga. Arbeidsoppgåver Bidra med rådgjeving, saksførebuande arbeid og kompetanseutvikling innan diakoni og kyrkjeleg undervisning og læring Arbeide med oppbygging av ungdomsdemokratiet i Møre bispedøme Vere med og utvikle satsing på unge og unge vaksne i Møre Saman om misjon og menighet (SMM) Kommunikasjonsarbeid Kyrkjeval Høringsarbeid Oppgåvene vil til en viss grad bli tilpasset erfaring og kompetanse til den rette kandidaten Kvalifikasjonar Høgare utdanning, fortrinnsvis innan teologi, kyrkjeleg undervisning og læring eller diakoni Kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon Fordel med erfaring frå frivillig arbeid Personlege eigenskapar God formuleringsevne skriftleg og munnleg Gode samarbeidseigenskapar Proaktiv og løsningsretta Evne til å ta initativ og arbeide sjølvstendeg Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt Vi tilbyr Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, kode 1434 Rådgivar Innskot i KLP. Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette. Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling Flexitid Godt arbeidsmiljø i eit fagleg sterkt kollegium ANNA: Du må opplyse om du kan meistre begge målformer. Møre bispedøme har nynorsk som administrasjonsspråk. Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20. Må vere medlem i Den norske kyrkja. Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort. KontaktinformasjonMaria Vassli Gjære, Avdelingsleiar Kirkefag, 91523568, [email protected] Bjørn Olaf Storhaug, Stiftsdirektør, 92810040, [email protected] ArbeidsstedMoldetrappa 1 6415 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirke Referansenr.: 5146721703 Stillingsprosent: 80% Vikariat Søknadsfrist: 10.08.2026 Om arbeidsgiveren: null

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores