About this role
Helsefagarbeidar\sjukepleiar-\vernepleiarstudent\assistent Er du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta. Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje. Dersom den som får stillinga ikkje har relevant utdanning, er det forventa at vedkommannde byrjar på utdanning som helsefagarbeider innan to år frå oppstart i stillinga. Ein arbeider gjennomsnittleg kvar 4. helg med langvakter på 13,5 timar, med ordinær kveldsvakt på fredag når det er arbeidshelg, noko som tilsvarar ein 24 % helgestilling. Det vil også vere gode moglegheiter for å jobbe i feriar og høgtider. Stillinga er ledig frå 01.09.26 - 01.09.27, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetjing. Om arbeidsstaden Pleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova. Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar. Avdelingane er lokalisert på Boknatun. Arbeidsoppgåver i stillinga Ordinære helsefagarbeidaroppgåver Utlevering av medisiner (må ha medikamentkurs) Stell og pleie Halde seg fagleg oppdatert Veiledning til pasientar og pårørande Tverrfagleg samarbeid Tillitsskapande miljøarbeid Ha fokus på bruk av velferdsteknologi Kompetansekrav Offentleg godkjent helsefagarbeidar Andre med interesse for å utdanne seg som helsefagarbeidar kan også søkje Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Evne til å motivere og engasjere Initiativrik og fleksibel God samhandlingskompetanse Kunne arbeide sjølvstendig og i team Trivast med å arbeide med mennesker Godt humør og løysningsorientert Handtere travle arbeidskvardagar Bidra til eit godt arbeidsmiljø Arbeidsgjevar tilbyr Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale Innmelding i pensjonskasse Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling Kvar skal du sende søknaden? Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger" Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Seksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet. Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.