Now hiring

Barne- og ungdomsbibliotekar @ STAD KOMMUNE BIBLIOTEK

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du vår nye barne- og ungdomsbibliotekar? Stad kommune har ledig 100 % fast stilling med oppstart hausten 2026. Vi leitar etter deg som er ein engasjert og utviklingsorientert formidlar, og som ivrar for å skape leselyst og leseglede blant born og unge! Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger, og vi jobbar aktivt saman med grunnskulane i kommunen i satsinga på skulebibliotek og leselyst. Som tilsett hos oss vert du ein del av eit aktivt kulturmiljø som består av operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule. Arbeidsoppgåver Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar. Du inngår i den daglege drifta av biblioteket og dei bibliotekfaglege tenestene, inkludert skranketurnus, publikumsarbeid og litteraturformidling Du har eit særleg ansvar for formidling og samlingsutvikling retta mot born og unge 0-19 år, både på og utanfor biblioteket Du vil ha ein sentral rolle i Stad kommune si satsing på skulebibliotek, som rettleiar og ressursperson, i tett samarbeid med skulesektoren Du besøkjer skular, skulebibliotek og barnehagar jamleg Du jobbar for å skape leselyst og leseglede gjennom formidling, arrangement og utstillingar Du bidreg til å gjere biblioteket til ein trygg og god møteplass Du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov Kvalifikasjonar Utdanning: Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, språk og pedagogikk Erfaring og kunnskap: God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt Erfaring frå bibliotek- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel Erfaring med sosiale medium og marknadsføring er ein fordel Du må ha gode IT-kunnskapar Du må ha førerkort klasse B Personlege eigenskapar Du er ein positiv og raus lagspelar Du er utadvendt og serviceinnstilt Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt Du er utviklingsorientert og endringsvillig Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga. Vi tilbyr Eit bibliotek i utvikling Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag Løn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing. Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid. For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonJanne Mari Hjelle, Fagleiar bibliotek, 970 96 997, [email protected] Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33, [email protected] ArbeidsstadSophus Lie-vegen 3 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5147540796 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! www.nordfjord.no/stad www.hjartestad.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores