About this role
Om stillinga Vi har ledig svangerskapsvikariat som helsefagarbeidar i 75% stilling. Vikariatet er for perioden 01.09.2026 til 28.06.27. Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3-4 grupper med 9-10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald. Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til. På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene. Arbeidsoppgåver Heilskapleg omsorg og pleie Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov Målretta miljøarbeid ved behov Praktiske oppgåver i avdelingane Dokumentasjon og rapportering i journalsystemet Profil Utføring av ulike prosedyrar som er aktuelle på nattestid Kvalifikasjonskrav Må ha autorisasjon som helsefagarbeidar Ha evne til å gjera faglege vurderingar og gjennomføra desse og å utvise godt skjønn Vera opptatt av kvalitet og å halde deg fagleg oppdatert Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader Du er fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert Du må ha gode samarbeidsevner Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk Å vera personleg eigna vil bli vektlagt Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stilling Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen. Vi tilbyr Moglegheit for fagleg utvikling Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme Arbeid kvar 3. helg Lønn etter tariffavtale Moglegheit for lading av elbil mot eigenbetaling Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY Om arbeidsgiveren: Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar. Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester. Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.