Now hiring

Er du vernepleiar? @ LUNDHAUGEN OMSORGSBUSTAD

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om avdelinga Kommunalavdeling helse og omsorg i Voss herad søkjer engasjerte medarbeidarar som brenn for faget sitt og ønskjer fagleg utvikling. Hos oss får du høve til å påverka og vidareutvikla framtidas helse- og omsorgstenester.Me arbeider kunnskapsbasert, med utgangspunkt i både forsking og erfaringskunnskap. Tenestemottakarane står alltid i sentrum når me planlegg og utviklar tilboda våre. For å møte framtidige behov har me eit særleg fokus på førebygging og tidleg innsats. Om arbeidsstaden Lundhaugen er eit bustadtilbod for personar med ulike funksjonsvariasjonar. Bebuarane har eigne leilegheiter med tilgang til fellesareal. Avdelinga har døgnbemanning med våken nattevakt. Ein del av stillingane inneber også arbeid i heimetenesta, sone vest, på kvardagar. Me tilbyr 2 x 100 % faste stillingar frå 02.11.2026 Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for nytilsette vernepleiarar Årsturnus Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4. helg Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk Eit fagleg miljø med fokus på utvikling og kvalitet Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som vernepleiar (anna relevant høgskuleutdanning eller fagarbeidar kan også bli vurdert) Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Gode digitale ferdigheiter (opplæring i fagsystem vert gitt) Det er ein fordel med erfaring frå målretta arbeid ved åtferdsutfordringar Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: Har gode samarbeidsevner Er fleksibel og tek ansvar Er ein positiv pådrivar i utviklings- og endringsarbeid Bidreg til at den enkelte kan nytta eigne ressursar og auka sjølvstende Kompetanse eller interesse for ASK Har god relasjonskompetanse Har førarkort klasse B Har eit sterkt engasjement for arbeid med menneske med åtferdsutfordringar Arbeidsoppgåver Dokumentasjon i journalsystemet Aidn Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid Sikra at lover, reglar og prosedyrar vert følgde Planleggja, gjennomføra og evaluera tiltak Samarbeid med brukarar og pårørande Halde seg fagleg oppdatert Delta i implementering av velferdsteknologi Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkja – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det utarbeidd ei offentleg søkjarliste i tråd med Offentleglova § 25. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje om unntak frå lista ikkje vert teke til følgje. Slik søkjer du Last opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores