Now hiring

Helsesjukepleiar @ GISKE KOMMUNE BARN, FAMILIE OG HELSE

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Det er ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved helsestasjonen. I tillegg kan det bli ledig eit vikariat i 100% stilling frå august. Oppgi i søknaden om begge er aktuelle for deg eller ikkje. Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen. Helsestasjonen har til saman 12 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna. Det er krav om politiattest av ny dato. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden. Arbeidsoppgåver Arbeidet består av førebyggande helsearbeid ved helsestasjonen, helsestasjon for ungdom (HFU) og i skulehelsetenesta. Helsesjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, forskrifter, retningslinjer og veiledere knytt til helsefremmande og forebyggande arbeid retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar. Delta i utvikling av digitale løysingar som gjer tenestene tilgjengelege for målgruppa. Planlegging og gjennomføring av individuelle, gruppe- og familiebaserte tilbod. Tverrfagleg samarbeid. Kvalifikasjonar Utdanning som helsesjukepleiar med god kompetanse på barn og unge. Vere oppteken av tidleg innsats og helsefremmande arbeid. God digital kompetanse. God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Helst ha erfaring frå arbeid som helsesjukepleiar. Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP. Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil. Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner. Ha god arbeidskapasitet. Fleksibel og løysingsorientert. Evne til å arbeide strukturert og målretta. Evne til å jobbe sjølvstendig og i team. Vi tilbyr Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver Godt arbeidsmiljø Løn og tilsetjing på vanlege kommunele vilkår, og god pensjonsordning i KLP. KontaktinformasjonTone Marie Giskegjerde, avdelingsleiar, 41701899 Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234 ArbeidsstadValderhaug 4 6050 Valderhaugstranda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5150486324 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Søknadsfrist: 09.07.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores