About this role
Dette er NTNU NTNU er et breddeuniversitet med en teknisk-naturvitenskapelig hovedprofil og et tyngdepunkt innen profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byer med hovedsete i Trondheim. På NTNU jobber 9 000 ansatte og 43 000 studenter med å skape kunnskap for en bedre verden. Du finner mer informasjon om NTNU som arbeidsplass og søknadsprosessen her . Video: https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0 Om stillinga Er du motivert for å ta steget mot ei doktorgrad og opna opp for spennande karrieremoglegheiter? Som stipendiat hos oss, vil du jobba for å oppnå doktorgrada di, og samtidig opparbeida deg verdifull erfaring som kvalifiserer til vidare karriere innan høgare utdanning og forsking, i og utanfor akademia. Stipendiaten vil jobba i eit spennande forskingsmiljø tilknytt forskingsgruppa Healthy workplaces - NTNU . Forskingsgruppa har fleire nasjonale og internasjonale prosjekt der ein ser på korleis helsefremjande arbeidsplassar kan skapast i eit moderne arbeidsliv. Bli ein del av forskingsmiljøet vårt og ta det neste steget i karriereløpet ditt med oss. Din næraste leiar vil vera nestleiar forskning ved IPS. Om prosjektet Stipendiatstillinga inngår i forskingsprosjektet «The impact of the adoption of artificial intelligence and knowledge tools in professional work». Prosjektet har til hensikt å undersøkja det komplekse samspelet mellom KI støtta kunnskapsarbeid, dei psykologiske responsane til tilsette (til dømes framandgjering og kognitiv utmatting), og sosiale og miljømessige faktorar (som fragmentering av fokusert tid) i overgangen til KI støtta kunnskapsarbeid. KI støtta kunnskapsarbeid betyr at kunstig intelligens blir brukt som eit verktøy for å forsterka menneskelege ferdigheiter og evnar – ikkje erstatta dei. Teknologien hjelper med oppgåver som analyse, avgjerdsstøtte, automatisering av rutinar, eller kreativitet, medan mennesket beheld ansvar og kontroll Arbeidsoppgåver Fullføra doktorgradsutdanningen frem til oppnådd doktorgrad Gjennomføra forskning av god kvalitet Akademiske publiseringar og populærvitskapleg formidling Delta i forskningsgruppen Healthy Workplaces ved IPS Delta i internasjonale aktivitetar som deltaking på konferansar Ver førebudd på at det etter tilsetjing kan skje endringar i arbeidsoppgåvene dine Kvalifikasjonskrav Relevant mastergrad innan arbeids- og organisasjonspsykologi eller tilsvarande. Utdanninga di må tilsvare eit femårig norsk studieløp, der det normalt er oppnådd 120 studiepoeng (ECTS) på masternivå, inkludert ei masteroppgåve eller tilsvarande arbeid med eit omfang på minst 30 studiepoeng. Dersom du ikkje har bokstavkarakterar frå tidlegare studium, må du ha eit like godt fagleg grunnlag. Dersom du har svakare karakterbakgrunn vil du kunna bli vurdert dersom du kan dokumentera at du er særskild eigna til ei ph.d.-utdanning Du må oppfylla krava til opptak på doktorgradsprogrammet til fakultetet God munnleg og skriftleg framstillingsevne i eit skandinavisk språk tilsvarande nivå B2/C1 Me viser til NTNUs retningslinjer for rekrutteringsstillingar og Forskrift for gradene philosophiae doctor (ph.d.) og philosophiae doctor (ph.d.) i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Noregs teknisk–naturvitskapleg universitet (NTNU) for generelle kriterium for stillinga. Ønskte kvalifikasjonar God dokumentert kunnskap i forskingsmetodar og statistiske verktøy kunnskap om innsamling, analyse og rapportering av kvalitativ og kvantitativ data God munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelsk Interesse for KI (kunstig intelligens) og maskinlæring Personlege eigenskapar For å fullføra ei doktorgrad (ph.d.), er det viktig at du er i stand til å: Jobba sjølvstendig, strukturert, setja mål og laga planar for å nå dei Arbeid konstruktivt under press eller i møte med motgang Vise nysgjerrigheit og ein sterk motivasjon for emnet Vera fleksibel og open for å justera plan for prosjektet etter behov Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me tilbyr Ein spennande jobb med eit viktig samfunnsoppdrag Utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø Karriererettleiing og oppfølging undervegs i doktorgradsperioden Ope og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Driftsmidde l som kan brukast til å gjennomføra prosjektet Fadderordning som ny tilsett ved NTNU Gunstige vilkår i Statens pensjonskasse Som stipendiat ved NTNU, får du tilgang på tilsettegode . Mangfold Mangfald er ein styrke, og ved NTNU har me eit mål om å vera ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Visjonen vår er Kunnskap for ei betre verd og våre verdiar er kreative, kritisk, konstruktiv og respektfull . Me har tru på at ei verksemd som er likestilt, mangfaldig og kjønnsbalansert er avgjerande for at me saman når måla våre. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing av samfunnsoppdraget vårt innan forsking og utdanning. Om du synest denne stillinga er relevant og interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn, eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet. Løn og vilkår I stillinga som stipendiat kode 1017 vil løna di normalt vera brutto kr 550 800,- pr. år avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå lønna blir 2 % lovfesta innskot trekte til Statens pensjonskasse. Tilsetjingsperioden er 3 år . For tilsetjing i stipendiatstilling er det ein føresetnad at du får opptak til ph.d.-programmet i psykologi innan tre månader etter oppstart, og at du deltek i eit organisert doktorgradsstudium innanfor tilsetjingsperioden. Som tilsett ved NTNU er det viktig at du held deg oppdatert på faglege og organisatoriske endringar og tilpassar deg desse. For nødvendig samhandling fagleg og sosialt er det ein føresetnad at du er fysisk til stades og tilgjengeleg for institusjonen på dagleg basis. Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statstilsettelova ,