Now hiring

Avdeling for Rus og Avhengighet (ARA) søkjer overlege! @ HELSE FONNA HF KARMØY DPS POLIKLINIKK

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me søkjer overlege - psykiater/spesialist i rus og avhengighetsmedisin som: - har eit brennande engasjement for faget. - ynskjer å gje pasientane eit heilskapleg behandlingstilbod. - vil ha ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene våre i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). - vil bidra til å utdanne fleire spesialistar i Rus- og avhengigheitsmedisin. Ved interesse for forsking kan ein få moglegheit til å delta i forskningsrelaterte aktivitetar, inkludert artikkelskriving. Det er fleire moglegheiter for å fullføra spesialistoppgåve innanfor pågåande forsking og det kan drøftast moglegheiter for å søka midlar til PhD innanfor potensielt aktuelle prosjekt. Avdeling for Rus og Avhengighet/TSB er eit felt det satses på og me legg til rette for gode betingelsar. Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga! Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostikk og behandling Samarbeid rundt pasientar, internt og eksternt Bidra i fagutviklingsarbeid Rettleiing og undervisning både internt og eksternt Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Spesialist i Rus- og avhengighetsmedisin Spesialist i psykiatri Ønskeleg med erfaring fra arbeid med rus-/og avhengighet Gode språkkunnskaper skriftleg og munnleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: er engasjert i faget og det beste for pasientane bidreg aktivt i samarbeid og teamarbeid formidlar kunnskap på ein klar og engasjerande måte arbeider strukturert og tar sjølvstendige avgjerder Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen. Kvifor skal du velje oss? Me legg til rette for kurs og vidareutdanning Moglegheit for deltagelse i prosjekt, kvalitetsutvikling og forskning Sterkt faglig fellesskap med godt arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) For å kunne vurdera fortrinnsrett til stilling må søkjar gi til kjenne dette i søknaden Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJanne Elise Tangjerd Lyngstad, Avdelingsleiar, 47993768, [email protected] ArbeidsstadAsaldalvegen 1 4250 KOPERVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5150347686 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores