Now hiring

Lege - 2 vikarstillingar @ HELSE BERGEN HF SKADEPOLIKLINIKKEN BERGEN HELSEHUS

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein lege som vil bruke arbeidstida di på å behandle pasientar og fritiden din til å ha fri? Da kan vi vere arbeidsplassen for deg. Om du trivast med kontorarbeid er nok andre arbeidsstader betre eigna. På Bergen Helsehus er det mange pasientar som mottar helsehjelp til alle døgnets tider. Skadepoliklinikken er lokalisert i Bergen Helsehus og er ei avdeling i Helse Bergen underlagd Ortopedisk Klinikk. Vi vurderer og behandlar eit stort antall pasientar dag, kveld og helg gjennom heile året. Skadepoliklinikken og kommunens legevakt samarbeider om legetenesta på Skadepoliklinikken, Daglegevakten og Overgrepsmottaket i ein felles bemanningsordning. Vi har ledig to vikariat, en i 100 % stilling, og en i 56,58 % stilling frå 31.08..26 til 10.10.27. Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål. Arbeidsoppgåver Legeteneste innan skadepoliklinikk med brot- og sårbehandling, samt teneste dagtid ved kommunal allmennlegevakt Utgreiing og oppfølging av overgrepsutsette Delta i opplæringsfunksjonar, øvingar og kursverksemd Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon Gjennomført LIS 1 teneste Kurs og trening i akuttmedisin Godkjend politiattest må kunne visast ved tilsetting Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Arbeidserfaring med akutte skadar og legevaktsarbeid Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert Du er punktleg og påliteleg Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjerder Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med pasientar og deira pårørande på ein god måte Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press Vi tilbyr God balanse mellom privatliv og jobb – legane våre har minimalt etterarbeid og administrative oppgåver Rullerande arbeidsplan med arbeidshelg kvar 5.helg og friveke kvar 10. veke i full stilling Ingen langvakter Nattarbeid avgrensa til heimevakt gjennomsnittleg 1 vakt kvar 3. veke i full stilling Fagleg fordjupningsdag annan kvar veke Ja, du får ha lunsjpause kvar dag Aldri kjedeleg – ein variert og spennande arbeidskvardag Ei legerolle der kliniske ferdigheiter er sentrale i arbeidskvardagen Tett integrasjon mellom røntgendiagnostikk og klinisk diagnostikk Lav terskel for fagleg diskusjon og openheitskultur– frå dei små detaljar til dei store linjer Ein arbeidsplass der gode idéar har grobunn Ein dynamisk arbeidsplass med blikket retta framover Ei avdeling med fokus på pasientsikkerheit, gode pasientforløp og omsorg for både pasientar og tilsette Fleksibel oppstartsdato Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorbjørn Hiis Bergh, Avdelingsoverlege, +47 55568714 Njål Kleven, Overlege, 53031821 ArbeidsstadSolheimsgaten 9 5058 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5144500042 Stillingsprosent: 100, 56,58% Vikariat Startdato: 31.08.2026 Sluttdato: 10.10.2027 Søknadsfrist: 23.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores