About this role
Stillingstype Det er ledig 50 % mellombels stilling som Barne- og ungdomsarbeidar i oppvekstsektoren i Vestnes kommune frå 17.08.2026 til 31.07.2027 (med moglegheit for forlenging). Stillinga er knytt til barn med spesielle behov. Arbeidsoppgåver Bringe og hente barn til alternativ opplæringsarena Personleg assistanse til barn med spesielle behov Bidra i det praktiske og det faglege i opplæringssituasjonar Tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar Samarbeid med elevar, føresette og kollegaer Rettleie barn fagleg og sosialt Kvalifikasjonar Vi ønskjer primært søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også personar med anna relevant kompetanse eller erfaring til å søkje. Ufaglærte kan òg verte vurderte Må ha førarkort klasse B Beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2 Ha god kommunikasjonsevne Bidra til teamutvikling Vere engasjert og fagleg dyktig Det blir stilt krav om politiattest Personlege eigenskapar Kan jobbe sjølvstendig og strukturert Er opptatt av barn og unge si læring og utvikling Opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen Er løysingsfokusert og utviklingsorientert Er omsorgsfull, omgjengeleg og har god samarbeidsevne Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Løn etter gjeldande avtaleverk Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer Ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. Referansar Oppgi referansar Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentleggjort. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: