Now hiring

Sjukepleiarar ved Skodje omsorgssenter @ SKODJE OMSORGSENTER

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Skodje omsorgssenter har ledige sjukepleiestillingar: 1 x 100 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg. 1 x 85 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg. 1 x 80 % - Arbeid i todelt turnus dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar. Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på tre avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, to somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning. Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje Omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har flere sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen. Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum. Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv. Arbeidsoppgåver Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer. Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen). Legemiddelhandtering. Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar. Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell. Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar. Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen. Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar 3.års sjukepleiestudentar kan søke, men med forbehold om godkjent autorisasjon Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm) Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Et støttende og engasjert kollegialt miljø Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff. Bedriftshelsetjeneste IA bedrift KontaktinformasjonMarianne Brandal, Avdelingsleiar, 917 86 893, [email protected] Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, [email protected] ArbeidsstadÅdalsbakken 6260 Skodje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5117799551 Stillingsprosent: 100, 85, 80% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores