About this role
Det er ledig fast 100 % stilling som vaktmeister ved bygg- og eigedomsavdelinga frå snarast. Stillinga er del av eit team som driftar sjukeheimar, skular, barnehagar, rådhus m.m. CV, vitnemål, fagbrev, attestar og anna dokumentasjon må leggast ved søknaden. I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato. Arbeidsoppgåver Vaktmeisterteneste knytt til kommunale bygg og uteområde: Drift av varme, ventilasjon, brannvarsling og skadeførebygging Vedlikehald av bygningsmasse som bytte av dører og vindu, maling m.m Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov Kvalifikasjonar Det er ønskeleg med fagbrev som røyrleggar, elektriker, automasjon eller innan byggfag. Relevant erfaring frå nybygg, drift eller vedlikehald innan røyrleggar-, elektro-, automasjon- eller byggfag vert også vurdert God digital kompetanse Sertifikat for bil Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Kunne arbeide sjølvstendig, men også i team Vilje og evne til fleksibilitet Positiv og med stå på vilje Ryddig og strukturert Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet. Vi tilbyr Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår God pensjonsordning i KLP Godt arbeidsmiljø Spennande og fagleg utfordrande arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester. KontaktinformasjonRobert Valderhaug, avdelingsleiar, +47 41701937 ArbeidsstadValderhaug 4 6050 Valderøya Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5144811825 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.08.2026 Om arbeidsgiveren: Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.