About this role
Vil du vere med og redde liv – kvar dag? AMK-sentralen (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) søkjer ein engasjert og fagleg sterk medisinsk operatør. Hos oss får du ei sentral rolle i den akuttmedisinske kjeda, der du handterer naudtelefonar, koordinerer ambulanseoppdrag og samarbeider tett med andre naudetatar for å sikre rask og rett hjelp til pasientane våre. Dette er ei stilling for deg som klarer å halde roen når det hastar. Du kommuniserer tydeleg, stiller gode spørsmål og trivst med å jobbe tett saman med andre når presisjon og raske vurderingar betyr mykje. Du møter menneske i akutte og sårbare situasjonar, og er ofte den første trygge stemma dei høyrer når det verkeleg gjeld. 👉 Høyrest dette ut som ei rolle for deg? Då håpar vi du sender oss ein søknad. Kva går jobben ut på? Svara på naudtelefonar 113. Koordinera ambulansedrifta for AMK Haugesund og akutte helseressursar. Samhandla med andre naudetatar og samarbeidspartnarar. Registrera, dokumentera og oppdatera hendingar. Varsla ved beredskap. Delta i øvingar og fagleg utvikling. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: norsk autorisasjon som sjukepleiar, paramedisinar eller ambulansearbeidar gode IT-kunnskapar gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ein fordel om du har erfaring frå AMK eller anna akuttmedisinsk arbeid. Kva ser vi etter hos deg? Det viktig at du: kommuniserer tydeleg og roleg, også når situasjonen hastar trivst med å samarbeide tett med kollegaer og andre naudetatar held oversikt og gjer gode vurderingar i ein arbeidskvardag med høgt tempo møter menneske med respekt, tryggleik og profesjonalitet tek ansvar, ser kva som må gjerast og ber om hjelp når det trengst jobbar strukturert og nøyaktig, både sjølvstendig og i team Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Godt fagleg miljø med fokus på teamarbeid og utvikling. Jamlege moglegheiter for fagleg påfyll. Triveleg og godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorbjørn Nornes, Funksjonsleiar, +47 91612094, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5148212176 Stillingsprosent: 60% Vikariat Startdato: 07.09.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 17.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .