About this role
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar frå 0-18 år. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Fokus skal vere på meistring, tryggleik og glede. Ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod. Vi har ledig: 2x100 % fast stilling som rettleiar Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg. Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert person til nyoppretta stilling som rettleiar hos oss. Stillinga gir gode moglegheiter til å påverke og forme både innhaldet i rolla og utviklinga av tenesta, mellom anna gjennom arbeid med rutinar, arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar og gjennomføring. Stillinga inneber rettleiing i heim der ein i samarbeid med føresette skal kartlegge utfordingar i kvardagen og vidare følge opp i høve støtte, rutinar, struktur, samspel og forståing av barn og unge sine regulerings- og åtferdsvanskar. Formålet med stillinga er å redusere belastninga i familien og førebygge meir inngripande tiltak som avlasting utanfor heimen. Stillinga er for deg som har bakgrunn som miljøterapeut i arbeid med barn og unge med særskilte behov. Stillinga er ein kombinasjon av rettleiing i heim og miljøarbeid på avlastingsbustaden. Arbeidsoppgåver: Kartlegge utfordringane i kvardagen Rettleie i tydeleg struktur og rutinar Forutsigbar og visuell støtte Regulere før korrigere Støtte føresette i å forstå behova bak åtferd Jobbe med foreldrestress og samregulering Legemiddelhandtering Legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå Samarbeide med interne og eksterne instansar Planlegge, følgje opp og evaluere tiltak Oppdatere tiltaksplanar Fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9 Journalføring i fagprogrammet Cosdoc Matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid krav til søkar: Førarkort kl. B Treårig bachelorgrad innan helse- og sosialfaglege utdanningar erfaring frå miljøterapi med barn og unge, inkludert trygging, relasjonsbygging og strukturerte kvardagsrutinar Må meistre godt norsk skriftleg og munnleg Du må vere sjølvstendig samt kunne samarbeide Personleg egenskapar blir vektlagt. Vi søker deg som: Er tolmodig og har eit ønske om å jobbe med barn og unge Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer Er omsorgsfull, kan sette varme og tydelege grenser, og ser kvart enkelt barn Vi tilbyr: Ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad Eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø Varierte dagar med mykje aktivitet og glede Gode pensjons og forsikringsordningar Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.