Now hiring

Etterforskar/U-18-etterforskar @ KRISTIANSUND POLITISTASJON

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Kristiansund politistasjon? Vi har for tida ledig tre faste stillingar: etterforskar med primært arbeid med U18-saker og førebygging tom. juni 2027. Etter denne perioden vil ein gå inn som del av avsnitt for etterforsking. Perioden ved avsnitt for førebygging og etterretning kan bli forlenga, avhengig av behova ved seksjonen. etterforskar med primært oppgåver innan fagfeltet grov vald og seksuelle overgrep etterforskar ved krimvakta Det er moglegheit for eit breitt og variert oppgåvesett i stillingane. I periodar må ein pårekne å bidra innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. For deg som ønskjer det, vil du i alle stillingane få delta i støtteliste ved vakt og beredskap kvar fjerde helg og inngå i den operative beredskapen. I tillegg til å få ei variert og utviklande stilling, byr Kristiansund og Nordmøre på mektige naturopplevingar, og med nærmare 60 000 innbyggjarar er her er eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar. Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet. Du trivst med ein variert arbeidskvardag, med å identifisere nødvendige gjeremål og å få desse gjennomført åleine eller i lag med andre. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver etterforskingsoppgåver, sjøvstendig og i team. Ei av stillingane er tiltenkt rolla som krimvakt på dagtid. kriminalitetsførebyggjande arbeid publikumsmottak utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga mogelegheit for støtteliste ved vakt og beredskap (krev min. IP4-godkjenning) og krimvakt i helg kan påleggast andre oppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx god skriftleg og munnleg formidlingsevne plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga Det er også ønskjeleg med erfaring frå politistilling etter-/vidareutdanning innan etterforsking anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring Personlege eigenskapar motivasjon og interesse for etterforskingsfaget gode samarbeidsevner evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter sjølvstendig og høg gjennomføringsevne Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her . Dette kan vi tilby om du vel oss ei utviklande stilling gjennom varierte oppgåver og tidleg ansvar ved Kristiansund politistasjon for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000 Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000 Ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området. godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse mogelegheit for trening i arbeidstida fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og vere knytt til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her . Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skri

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores