Now hiring

Fagarbeidar/assistent 2026/2027 @ BREIM SKULE

Norway (NO0A2)OnsiteContractPosted 5 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Ledig stilling som fagarbeidar/assistent ved Breim skule for skuleåret 26/27. Vi har ledig stilling for skuleåret 26/27. Stillinga kan verte forlenga, med mogelegheit for fast tilsetjing. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga før skulen tek til. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåver: Arbeid med enkeltelevar eller i grupper og på skulefritidsordning (SFO). Kvalifikasjonar Vi søkjer primært etter fagarbeidar, andre utdanningar, erfaringar og bakgrunnar kan bli vurdert på lik linje med fagarbeidar. Utdanningar som kvalifiserar som miljøterapeutar kan og søkje på stillingane. Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel. Praksis frå arbeid med barn og ungdom. Søkjar må vere stødig i norsk, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Positiv innstilling til arbeid med barn og ungdom med ulike hjelpebehov. Evne til å bidra til gode relasjonar med elevane og kollegane. Kunne stå i utfordrande situasjonar. Fleksibilitet og engasjement. Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team. Menn vert oppmoda om å søkje. Ved elles like kvalifikasjonar vert menn tilsett. Vi tilbyr Arbeidsplassar med fokus på fag og utvikling. Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis. Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP. For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonGro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, +47 906 19 713 Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, 957 78 875 ArbeidsstadGrandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5148973009 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 31.07.2026 Om arbeidsgiveren: Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper. Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Fagarbeidar/assistent 2026/2027 at BREIM SKULE | ResuMinder Jobs