Now hiring

Fagarbeidar/assistent @ MOLTU BARNEHAGE

Norway (NO0A3)OnsiteContractPosted 3 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar. I vår ledige stilling får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna, der leik og læring står i sentrum. For barnehageåret 2026/2027 er det ledig ei 100 % mellombels stilling som fagarbeidar/assistent i Moltu barnehage. Fleire vikarstillingar kan bli ledig i dei andre kommunale barnehagane. Vi tilset då fleire, og tilbod om stilling kan bli andre stader. Arbeidsoppgåver arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan støtte opp om arbeidet med å fremme gode læringsmiljø for alle barn følgje opp barn med behov for ekstra hjelp og støtte utføre praktiske oppgåver både ute og inne For arbeid i barnehage må du følgje barnehagen sitt vaktsystem. Kvalifikasjonar primært fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, anna relevant utdanning kan bli vurdert erfaring frå arbeid med barn gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg grunnleggande datakunnskapar For arbeid i barnehage er det krav om bestått norsk prøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27. Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden. Personlege eigenskapar har høg relasjonskompetanse er god på samarbeid både med barn, føresette og andre tilsette er ein god rollemmodell, og ein trygg og tydeleg vaksenperson deltek aktivt ilag med barna både ute og inne er fagleg engasjert, løysingsorientert, strukturert og fleksibel Vi tilbyr ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum eit inkluderande og godt arbeidsmiljø heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg samarbeid og lærande fellesskap pensjons- og forsikringsordning i KLP IA-bedrift Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. KontaktinformasjonElisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299 ArbeidsstadRådhusgata 7 6090 Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5150921975 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 30.07.2027 Søknadsfrist: 13.07.2026 Om arbeidsgiveren: Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time. Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Fagarbeidar/assistent at MOLTU BARNEHAGE | ResuMinder Jobs