About this role
Arbeidsstad Integreringsteamet ved Nav Kvinnherad søkjer etter ein rettleiar i 70 % vikariat fram til 28.02.2027, då ein tilsett går ut i foreldrepermisjon. Nav Kvinnherad består av 35 tilsette, medan integreringsteamet består av 8 medarbeidarar og jobbar med å gi nybusette flyktningar gode tenester og oppfølging. Motiveres du av å jobbe med mennesker og endring? Trives du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan dette vere jobben for deg. Arbeidsoppgåver Busetje flyktningar og gi råd, rettleiing og praktisk bistand i etableringsfasen Følgje opp deltakarar og bidra til sjølvstende i kvardagen Tett samarbeid med kommunale tenester og andre aktørar Ha ansvar for eigen deltakarportefølje Ein må pårekne sporadisk arbeid på ettermiddag/kveld ved behov Endringar i oppgåver må påreknast. Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning (erfaring kan kompensere noko) Erfaring med flyktningar eller sårbare grupper Kompetanse i rettleiing og endringsarbeid Gode norsk- og engelskkunnskapar Digital kompetanse Førarkort klasse B Ønskeleg: Erfaring frå offentleg forvaltning Kjennskap til integreringslova og introduksjonsprogram Erfaring med tolk Personlege eigenskapar Strukturert og effektiv i ein travel kvardag Empatisk, inkluderande og serviceinnstilt Gode samarbeidsevner og fleksibel Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt. Vi tilbyr Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet . Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.