About this role
Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50–100 % fast stilling som psykolog. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi), kombinert med arbeid i TBiT (Trygge Barn i Tannbehandling). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet, og prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa. TBiT er eit behandlingstilbod for barn og ungdom mellom 8–18 år som har tannbehandlingsangst og/eller sprøytefobi i den grad at dei ikkje meistrar ordinær tannbehandling. Stillingsstorleik er 50–100 %. Endeleg stillingsomfang og fordeling mellom TOO og TBiT blir avklart før tilsetting. Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk. Arbeidsoppgåver Du får jobbe med tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team å diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege gjennomføre eksponeringsbehandling i tverrfagleg team arbeid både innan TOO og TBiT utadretta rettleiing og informasjonsarbeid rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling å bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet Kvalifikasjonar Psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon Erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi, og ønske om å anvende metodikken i tverrfagleg team Erfaring frå angstbehandling Interesse for arbeid med odontofobipasientar Gjerne har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi Gjerne har erfaring frå forsking God kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne er ein føresetnad Evne til å uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/skandinavisk Personlege eigenskapar Trivst med å jobbe med og for menneske Jobbar effektivt og sjølvstendig God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Vi tilbyr Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP) Tilsetting skjer ellers på vanlege fylkeskommunale vilkår For ikkje-spesialistar vil det bli lagt til rette rette for relevant spesialiseringsløp Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest. For meir informasjon og søkje på stillinga, klikk på “ Søkj på stilling” knappen på høgre side. Om arbeidsgiveren: Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar. Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25. Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal? Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske? Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper? Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?